top of page

Arjen L.H. Stolk's Tre Tradisjon Herand er eit mindre enkeltpersonforetak som eg har etablert i april 2005. Viktige hovudtanka er, å vise respekt for, å bruke og bevare gamle tradisjonar og handverk, og å levere kvalitet.

Sjølv er eg opphavleg frå Nederland (født 30/01-1953), der eg voks opp, gjekk på gymnas og teknisk høgskule (maskiningeniør/

produksjonsteknikk, seinare òg bedriftslære). Etter ca. 25 år arbeidsliv i diverse jobbar i NL fekk eg anledning til å kome til Herand (01/02-2005), og begynte med eit nytt liv. Via ymse jobbar, som bl.a. drosjesjåfør, gardsarbeider, altmoglegmann og vaktmeistar kom eg bort i restaureringsarbeid, og hugsa eg fakstisk hjerte-barnet mitt: orgel. I ungdomstida mi hadde eg hatt ein del orgel-timar, har våre amatørorganist i kyrkja i nokre år, og hadde fikse litt på diverse trøorgel. Ei ynskje om å bli orgelbyggjar gjekk aldri i oppfylling, men eg har held meg oppdatert gjennom fagliterratur i NL all den tid. I tillegg var eg og er eg ein motivert korsongar (bass/baryton).

Etter kvart, når eg begynnte å snakke om orgelkunnskapen min, kom det inn oppdrag. Ein ser på OPUS liste korleis det har utvikla seg over tida, noko eg er nokså takksamt for. Med eit godt nettverk "ut i verda", der eg kan spørja om råd/material/delar klarer eg no det allermeste innanfor restaurering av harmonium/

trøorgel. Arbeid med kyrkjeorgel tar eg gjerne på meg, det òg, men då skal eg hente inn andre fagfolk, som er meir spesialist på det.

Eg starta opp i det gamle brune huset i Herand/

Sævarhagen, som ein gong husa Herand Ørebank. Etter å ha jobba der i nesten 1,5 år med mykje glede, flytta eg til Sløydlokala i gamle skulen i Herand, frå 1. juli 2006

I byrjinga av 2007 investerte eg skikkeleg i nokre snikkarmaskiner (kombinert sag/fres og kombinert tjukn og avrettehøvel/langhulsbor + sponavsug). Arbeidet blir mykje enklare og finare.

I mai 2013 flytta eg heim med verkstaden til kjellaren i huset vårt. Me feira opninga i oktober 2013 med ein flott fest og mange fine ord, mange besøkjande og masse flott musikk! Uforgløymeleg!
 

Stikk gjerne innom for å slå av ein prat, så kan du sjå på arbeidet mitt!

Du er hjarteleg velkommen!

Hardanger Rom & Harmonium held til i det gamle bakeriet i sentrum av vakre bygda vår, Herand

Her er litt lenker til tv og radioprogram eg har vore med i:

Radio-intervju, 29/01-2013, NRK P1, del 1, gamle vindauge

 

 

Radio-intervju, 29/01-2013, NRK P1, del 2: harmonium/trøorgel

TV-sending 1 12/07-2013 (om orgelet): Fartein Valen-orgel

TV-sending 2, 29/05-2015 (om restaurering og meg): Orgelreparatør

Unknown Track - Unknown Artist
00:00 / 00:00
Unknown Track - Unknown Artist
00:00 / 00:00
bottom of page