top of page

Om instrumentet

Eit harmonium, eller trøorgel, er eit musikkinstrument som er utvikla i byrjinga av 1800-talet. Lyden blir lagt av små messingtunger, som beveger seg fritt i ein ramme. Prinsippet blei etter kvart og brukt i både trekkspel, toradar og munnspel. Dei eldste instrument er på trykkluft-prinsipp, dei nyare på sugeluft-prinsipp. Trykkluft tyder på at tungene blir blåst på, og klangen blir då blåst ut i roma; ved sugeluft blir tungene suga på, slik at klangen blir suga inn i instrumentet. Trykkluft instrument er kraftig i klangen, teknisk komplisert og blei bygd frå starten til ca. 1920-åra, stort sett i Europa, med Frankrike som basis. Sugeluft instrument kom i slutten av 1860-talet, fyrst i Amerika, men snart òg i Europa. Dei var mindre komplisert (rimelegare altså), mildare i klangen og blei ein stor suksess i både Amerika og resten av verda. Begge typar instrument har blitt produserte i Noreg, trykkluft frå ca. 1860-talet (bl.a. Conrad Hoeck, Bergen/Johannes Isachsen, Levanger) til tidleg 1900-talet, og det var truleg Br. Torkildsen, Åsen, som byrja med sugeluft, på 1880-talet. Produksjonen (òg i Noreg) blei avslutta på 1970-talet; då hadde i fyrste runde pianoet, og seinare dei elektroniske instrumenta tatt overhand.

Harmoniumhistorie i Noreg
Det finns ei flott heimesida med mykje opplysningar om harmoniumets historie i Noreg. Ta gjerne ein kikk, det er både interessant og lærerik! Linken: 

http://www.harmonium-orgel.com

Trykkluft instrument

På heimesida av Scott Brothers finns det ein liten film som forklarar trykkluft harmonium. Ta gjerne ein titt på:

https://www.youtube.com/watch?v=yBT9LP4Fbmo&feature=share

Produksjon i Noreg

Det er ein del kjennt om produksjon i Noreg. Men me får gjerne innspel ang. det høgaste kjennte serienummeret av dei forskjellige produsenter. Ved å klikke "HER" får du den  oppdaterte oversikten, som er basert på bl.a. infoen på harmonium-orgel.com, og dei per dato kjennte produksjonstal.

bottom of page